Fjordar i Noreg

Geirangerfjorden.

Norske fjordar er kjende verda over, og står som eit symbol på den norske naturen. Det er opp mot 1190 namngjevne fjordar i Noreg, og norskekysten er eitt av områda i verda med flest fjordar. Noreg har òg fleire av dei lengste fjordane i verda, med Sognefjorden på 204 km som den lengste. Flest fjordar finn ein i langstrekte Nordland, som har opp mot 300 fjordar, medan Finnmark har kring 200. To av fjordane, Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, står på verdsarvlista for naturområde.

Fjordane i Noreg blei danna under istida, då heile landet var dekke av is. Dei norske fjordane skil seg ut som særs dramatiske, med bratte fjellsider og fossar. Samstundes skjer fjordane djupt inn i landet, og er folkesette der det går an. Fjordane er også noko lettare å vitja, i det minste for europearar, enn fjordane på Grønland eller New Zealand.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search